Finsvikhamn:
Gammelt knutepunkt ved Trondheimsfjorden
Av Jostein Finsvik, Avspark, Ekne IL 1989
Kan vi sjå føre oss Finn då han segla innetter fjorden ein gong i mellomalderen på leiting etter ei vik som kunne gje han ly for vestaveret? Han ankra opp i denne vika, og sidan vart han buande her. Staden fekk namn etter han: Finns vik. Her var det lagleg å bu for ein sjøfarende mann, som livnæra seg av fiske.
 
Finsvikhamn i Ekne. Bildet er teke mellom 1905 da kaia vart bygd og 1916 da garden Finsvik vestre brann. Stor fiskeflåte på hamna.

Foto: Bjerkan ca. 1910. 

Mot vest stig Løkshamaren (eigentleg tyder det lakshamaren) 60 meter rett opp frå sjøen. Han skyddar for veret. Ein kan sjå han frå Strindfjorden til Koabjørga, når ein fer etter fjorden. Det var og ein føremon. Her hekker skarv. Denne sjøfuglen finst ikkje andre stader i Trondheimsfjorden. Namnet "Skarvskiten" fortel om dette. Reirplassen er lett synleg frå sjøen. Høgt oppe i bergveggen ser vi "Brursenga", ei blomsterkledd hylle i fjellsida. Det vart yttergrensa for Finsvik vestre. Finsvik austre eig innover til Høttelva. Mot sør har vi Korpfjellet, som stig opp til omlag 260 meter over sjøen og gjev ly for sønnavinden. Dei trongare grensene for vika er Skjellberget mot vest, Hamnavollen og Sandfjæra mot sør og Tystnebben mot aust. Som dette namnet seier, ligg vika på lesida for austveret og. Det er berre nordavinden som fell opp her ein sjelden gong. Dette såg den første Finn. Sidan har Statens havnevesen funne ut det same. Dei har av staden som hamn på draftet. Dei har sett ned fortøyningsboltar i fjellet på 6 stader om måla kvite og svarte ringar rundt boltane så dei skulle vere lett synlege. Det rette namnet på vika er no: Finsvikhavn. Til dagleg seier vi berre Hamna. 

Dei som kom etter den første busettaren, tok til å bryte opp stubbar og fekk det til å vekse.
Dei tok tømmer i skogen lenger sør og flytta bustaden noko opp frå sjøen, nærare dyrkajorda. Slik vart dei til, dei to Finsvikgardane. Først på 1600tallet fekk danskefuten greie på desse nybrottsmennene, og etter den tida måtte dei svare skatt for det stykket av Noregs jord som dei brukte. Så lenge dei henta det meste av maten frå fjorden, slapp dei unna bygselbrev, skjøte og skatt. 

No tek vi elt langt steg fram i den nyare tida. Vi skriv 1844. Hamnastua vert bygd. Ho står der enno. Først tente denne trønderlåna av furutømmer frå Korpfjellet til bustad for arbeidsfolk som dreiv med båtbygging i Hamna. Det var heilårsarbeid til 3-6 båtsnekkarar. Det var halvfjerderømmingar dei bygde, 26 fot lange med 3 1/2 rom og 3 par årar. Båtane vart millom anna brukt på torskefisket i Verrabotn om vinteren. Vårråtorsken er ein særmerkt torskeart som berre finst der. Fangstmåten dei nytta kjenner eg ikkje til. Men det vart i den tida egna med blåskjell, av det slaget som er 10-13 cm lange, og som ungane før kalle "bukkskjell". Kor dei henta skjella kan eg heller ikkje seie. Dei som visste det er ikkje her lenger. Men eg veit at skjella vart frakta til Hamna. Her tok dei ut skjellmaten. Det var kvinnfolkarbeid. Tomskjella kasta dei utfor berget ved Hamnastua. Skjellhaugen ser vi enno, når det er fjære sjø. Desse skjella er som etter kvart forvitrar, og som ein finn i fjæra lenger aust blanda opp med finsand. Her er det bergbyggene i alle åra har henta tilskot til hønseforet for å gje kalk åt eggskala. 

Fram til 1894 gjekk landvegen til Finsvikgardane frå Høttelva til Finsvik austre og ned til Hamna. Hit kunne ein kjøre med hest og vogn. Frå hamna gjekk vegen vidare opp Hamnakleiva, som vi til dagleg berre kallar Kleiva. Det var vanskeleg å kjøre Kleiva med vogn. Men om vinteren kunne dei bruke slede eller støtting og få fram famnved - eller kippved, som dei kalla det - til sjøen. Her vart veden henta av fraktskuter - jekter - og sett i Trondheim. Ei slik jekt åtte Olaus Børresen, som budde på Finsvik austre. Han frakta ved til byen og kom attende med byvarer til halve bygda. Når han kom attende etter førejulsreisa, vart det folksamt i storstua på Finsvik austre. Han Olaus satt midt på golvet millom alle varene, og bygdefolket møtte fram og henta kvar sitt. Det vart gjort opp i reie pengar og kryssa av på lista. 

Åra 1904 til 1907 var glanstida for Finsvikhavn. Dei åra var det at vår del av Trondheimsfjorden vart senter for sildefisket på denne delen av norskekysten. Fiskebåtar frå nord og sør kom hit for å hente havets sølv, Og Finsvikhavn låg nærast fangstfeltet av dei gode hamnene i fjorden. Folk har fortalt at det some tider var så tett med båtar på Hamna at ein kunne gå tørrskodd frå Skjellberget til Tystnebben (truleg noko overdrive). Landhandlar Dybvad på Bakken fekk seg filia] på Finsvikhavn, der han seide matvarer og tobakk. 

Oppkjøparar kom med dampbåt frå Trondheim for å hente sildefangsten. Det vart kravd at innseglinga til Finnsvikhavn måtte merkast med fyrlykt, slik at båtane kunne- finne fram også i mørket, og samstundes skulle lykta lyse raudt for Vestrumsholmen, slik at ikkje nokon skulle segla på grunn der. Fyrvesenet sette lykta på ein avsats i Løkshamaren. Finsvik fyr var i bruk der til siste verdskrig. Då vart lykta flytta til Naust på Ytterøy, der ho no er. Oljebua kan vi sjå enno. Ho står på avsatsen i fjellet. 

I 1911 seide eigaren av Finsvik austre garden sin til "Komiteen for trengende skolebarns anbringelse på landet i sommerferiene for Trondhjems by". (Dette må vere det lengste namnet på noko norsk føretak). Ein rikmann hadde gjeve pengar til Trondhjems Arbeiderforening som sette dette tiltaket ut i livet. I styret for føretaket med det lange namnet satt representantar for arbeiderforeninga og for lærarane i Trondheim. Det vart bygd internatbygning, og garden vart driven av forpaktarar. Frå den tida kalla dei garden for Finsvik Feriekoloni, Feriekolonien eller berre kolonien. Kvar sommar kom det frå Trondheim først inntil 73 jenter som var der i 3 veker, så kom det like mange gutar som var der i 3 veker. Sandfjæra vart rydda til badeplass, seinare vart det rydda ein liten ballplass, det var bål på Finsvikbergan om laurdagskveldane og spelstykke vart synt fram i uværsskuret, som i slike høve var pynta med bjørkelauv. Finsvik Feriekoloni vart driven utan avbrot fram til 1966. 

Frå 1921 til 1934 var det sommarpensjonat på Finsvik vestre. Byfolk som hadde råd til det, budde på garden med full pensjon i 2-4 veker i juli/august. Mange av sommargjestene hadde familie og kom att år etter år. Det kunne vere opptil 20 i talet på ein gong. Dei som høyrde til på gal den, måtte gje plass å byfolka og flytta soveplassen sin til uthusa. Det gjekk det og - sommars tid. Verst var det når det regna. Det var som om vertskapet hadde skulda for dårleg vår. Då måtte ein til med eggedosis og inneleikar som "arbeid med sju" o.s.v. Den 29. juli var det tur til Stiklestad med Eknesbilen. Største fart 23 km/t. Storveges. 

Fisket frå 1904, Feriekoloni frå 1911 og pensjonatdrifta frå 1921 gjorde det lønnsomt for Indherreds Aktie Dampskibselskap å gå innom Finsvikhavn med sine fjordbåtar om sommaren. Det vart bygd kai. Til vanleg gjekk båten innom Hamna tre gonger i veka i skuleferien, to dagar på inngåande og ein dag på utgåande. Ungar, feriegjester og anna folk, matvarer til kolonien og til pensjonatdrifta kom med båten. Under siste verdskrigen - då det var vanskeleg å få løyve til å reise med jernvegen - vart båtruta utvida, slik at fjordbåtane "Kong Oskar", "Steinkjer" eller "Innherred" kom innom Hamna fire gonger i veka og i ein større del av sommarhalvåret. Mest folk kom det i helgedagane. Ein laurdagskveld talde eg 44 personar som gjekk iland. Nokre skulle heilt ril Ronglan. Søndag ettermiddag kom dei attende med ryggsekkar og kuffertar fulle av kjøtt, egg og flesk. Etter at bilane tok over transporten til Feriekolonien først på 1950-talet, vart det slutt med rutebåttrafikken på Finsvikhavn. 


Finsvikjekta kastar anker
Ein bytur med jekt utan motor kumle ta si tid. Var ein først komen til byen og alle ærend var unnagjort, så måtte ein vente på vestaver før ein kunne sette kursen heim att. Noko måtte ein ta seg til i ventetida. Når vinden endeleg vart lagleg, kunne det hende ai skipperen ikkje var i form til å segle. Claus hadde ein matros som målte 2 meier på treskolesten og hadde svart skjegg som nådde han heilt ned til magen. Det var ein nøktern kar: Han ville heim, og gjekk inn for å heise segl så snart det vart lagleg bør. Ein gong bestefar min hadde vøre elt ærend i Hamna og hadde sett seg på kvileplassen som helter Løfta - det er elt stykke oppe i Kleiva, - fekk han sjå Finsvikjekta kome forbi Skjellberget for fulle segl. Det var kuling ute på fjorden.
Sjøen fossa om baugen på jekta. Frå rorplassen høyrdest kommandoropet: Let atteret (ankeret) gå !!! Frå baugen, der han Lorns sto, kom svaret: Næggu om eg gjer!!!  Dei var enno på djupt vatten og hadde stor fart. Ordren vart teken oppatt fleire gonger, og fekk til sist ei trugande form. Då vart Lorns så skremt at han utan å ville det, sleppt ankeret ut i sjøen, ankerkjettingen fôr etter, men var ikkje lang nok til å nå botnen. Han Lorns prøvde å halde att då han ikkje hadde merr kjetting å gje, men får uti han 6g. Jekta gjekk for fulle segl reit i åkeren. Men ute på Hamna flaut det opp ein tresko, så flaut det opp ein til, og sist flaut han Lorns opp. Men då rodde Olaus ut med småbåten og henta sitt skipbrotne mannskap. Jekta vart sett istand, Olaus og Lorns segla enno i mange år. Eg hugsar dei båe som Dei vi idag kallar pensjonistar. Skroget av jekta såg eg restane av, i Sandfjæra i 1920-åra. 


Hesteskyss frå Ronglan 
Det var ikkje alle sommargjestene som kom med båten. Tre tilårskomne frøkner av lærarstanden skreiv brev til vertskapet på pensjonatet ai dei ikkje var sjøsterke. Dei ville helst reise med jernvegen til Ronglan, og med hesteskyss derifrå. Det var om å gjere å få mest mogleg ut av denne ferien og dette med standsmessig hesteskyss kunne bli svært romantisk. Far hadde karjol, men der var det Plass til berre ein passasjer. Han hadde melkevogn hg, men det kunne ikkje kallast standsmessig framkomstmedel for slike frøkner. Det vart til at han fekk ein bygdekar som åtte trille (firehjuls vogn med kusksete fremst) til å hente dei tre på Ronglan. Då dei var midt oppe i Dalingbakkane, stoppa hingsten for å sleppe vatnet. Skysskaren hoppa ned frå kusksetet for å gjere det same. Han slengde taumane til den eine frøkena, og tenkte å gå litt til side. Men dama torde ikkje ta taumane. Ho hadde inga røynsle med styring av slike greier. Kusken hadde eitt å gjere: han heldt taumane sjølv medan han vende seg mot vegkanten - og gjorde elles det som hesten. Då damene kom fram, vart dei ynskt velkomne av vertskapet som spurde om det hadde vore ei fin reise. Jodå, det var godvér og storveges å få kjøre i trille, nesten kongeleg. Men kusken hadde vore svært pratsam, og det var vanskeleg å skjønne det han sa. Og tenk: "han vannet mens vi så på ! " 


Ein grøssar frå Finsvikhavn 
Det var i forbodstida. Nærare bestemt den 20, november 1924. Eg var 5 år. Farfar var 70 år den dagen. I Hamnastua budde eim gamal sjømann, på husmannsvilkår. Medan dei sit ved festbordet oppe i garden, kjem det inn ein nabo med gevær i handa. Far og onkelen min reiser seg frå bordet. Eg ser far hente fram si KragJørgensen og ei handfull skarpladde patronar - som elles berre vert brukte i elgjakta. Så går dei. Alle tre. Ingen kjem attende så lenge festen varar. 

Historia er denne:

Nokre spritsmuglarar frå ei kystbygd hadde før på hausten fått den eldre sjømannen som budde i Hamnastua til å lagre for dei ei mengd spritkanner på loftet. Det var 60 i talet, og på kvar kanne var det 20 liter rein sprit. Spriten skulle hentast seinare og seljast. Nett denne mørke haustkvelden såg det ut som spriten skulle fraktast vidare med båt til Langfallet og hentast med bil. Dei hadde rodd inn ein båtlast dit før på dagen - i båten til sjømannen. Dei hadde gått frå båten og spritkannene. Båten vart sett av ein bygdekar, som melde saka til lensmannen i Skogna Det var denne lensmannen som sto bak det uventa besøket ved festmiddagen på Finsvik. Han trong hjelp, då han trudde at smuglarane kom attende, og at Dei bar våpen. Mannen i Hamnastua hadde han sett i husarrest, og det var vepna vakt inne i stua. (Ein av smuglarane kom også dit seinare på kvelden, men bråsnudde i døra då han såg vakta Han kom seg unna)å Lensmannen var mest oppteken av ein motorbåt som var sett utafor Høttelva. Han låg elt stykke nedfor bygdevegen. Det var kjøreveg dit, og ein kunne kome fram med bil. Far og onkelen min vart kommanderte til å legge seg i skytestilling i veggrøfta. Og rett nok båten, som lenge hadde gått for sakte fart langs med landet, la til ved kaia. Ein einsleg mann kom gåande opp etter vegen. Vår lensmann rette ei kraftig batterilykt mot framandkaren,, men ropte straks til dei to " grøfta at dei ikkje måtte skvte. Framandkaren fekta i lufta med ein pistol i handa, blenda som han vart av batterilykta. Heilt til vår lensmann rette lykta mot seg sjølv. Det var lensmannen i Leksvik som kom. Han var blitt narra av dei same smuglarane, som på elt eller anna vis hadde late han få vite at noko gjekk føre seg på sørsida av fjorden. Den verkeleg store mengda med sprit, hadde dei lagra i Leksvik. Der kunne dei denne kvelden vere trygge for lensmannen medan dei flytte smuglevarene. - No ja. Karane vart fakka og fekk si straff.
Spritkannene i Hamnastua vart saman med mannen som budde der frakta i båt med streng vakt til politimesteren i Steinkjer. Ingen ville den gamle mannen noko vondt. Dei rådde han til å late som om han var åreforkalka og svare dumt på spørsmåla frå politimesteren. Mannen, som ikkje var senil - og dum var han heller ikkje - han spela rotta si så godt at politimesteren sette han fri, utan straff.