Kavelbruene på Hundskinnet


Av Arne Sivertsen (LA: 26.06.86) 

Nær Reinsjølia ligg eit system av kavelbruer som ingen har visst opphavet til. Dei er bygd opp av ca. 2 m lange furustokkar - kutta med øks. Stokkane er lagt side om side over blaute myrsig slik at det blir framkjømt for kløyving med hest sommarstid.Den største ligg i leia mellom Glonkvollen og Reinsjølia, like ved skiløypa åt Frol IL. Den er ca. 90 m lang. Brua er svært overgrodd og ikkje lett å få auge på. Litt nærare Reinsjølia er bygd ei mindre bru. Sammen gir desse ei bra lei mellom Glonka og Reinsjølia. 

Vest av Reinsjølia - i retning Gamle Tingstadvoll - ligg ei tredje bru, vel 70 m lang. I Frol er det ymse teoriar om kven som har bygd desse bruene. Somme meiner at da var Armfeltheren som bygde bruene hausten 1718. Men måla høver ikkje. Svenskeheren sine bruer er alltid 3 m breide. Det er og vanskeleg å sjå kva nytte dei ville ha av eit slikt brusystem, langt i frå den verkelege ruta deira . 

Ein som ville ha stor nytte av bruene var Stalin. Peter Stalin var ein jamtlandsk kjøpmann som i tida 1801-1811 dreiv ut skog frå indre enden av Feren (Meråker bruk). Han bygde sag i Langsåa og kjøpte plassane Ferstangen og Reinsjølia. Her sette han opp stallar. På vårparten fekk han så kjørt skurlasta via desse basane ned til Levanger for utskiping. Namnet Stabelvollen er eit minne frå den tida. 

Det meste av lasskjøringa gjekk på godt vårføre, men i mildver kunne underlaget på desse stadane svikte, slik at hestane kjørte seg i gjennom. (Det blir sjeldan frost i bakken her oppe, snøen kjem for tidleg). Bruene ligg beint i kjøreleia åt Stalin og kan vera ei sikring over "blauthøl". 

Ei tredje forklaring er at bruene er minne frå handelstrafikken mellom Jâmtland og Innherredsbygdene. Reinsjølia ser ut til å ha vore ein viktig stasjon for jamtene som kom med båt over Feren (dei hadde naust på Naustmoen). Ved Reinsjølia delte leia seg - ei over Roknesbustaden til Trondheim og ei ned til Levanger. Først på 1600-talet vart vegleiene over fjellet utbygde på kongebod - det var om å gjera å styrke kontakten og handelen med jamtane. Bruene kunne vera bygd i den samanhengen. 

Etter dette kunne bruene vera både frå først på 1600-talet, først på 1700-talet og først på 1800-talet ! 

I 1983 var det gjort opptak til å fastslå alderen ved hjelp av C14-datering. No har Levanger bygdeboknemnd fått resultatet. Alderen på begge dei største bruene ser ut til å vera frå først på 1800-talet. Det er da mest rimeleg at det er arbeidsfolka åt Stalin som har forsterka kjøreleia mot Levanger. 

Men - likevel kan tanken om at bruene er rester etter ein gamal handelsveg mellom Levan- ger-Jämtland vera rett. Som sommarveg er denne vegleia eldgammel, Jon Leirfall meiner minst 2000 år. Det ville vera rimeleg at Stalin berre tok i bruk leia og forsterka den til sitt bruk. Det kan da vera at det ligg rester av eldre bruer u n d e r den vi har fått aldersbestemt. Ved liknande anlegg er det ikkje uvanleg. Dette bør vi få undersrkt i sommar. Folk i Frol meiner også at det finst ei forlenging av brusystemet i retning Roknesbustaden - altså mot Trondheim. Dette bør vi også sjå på. Den første mellomriksvegen til Sverige tar til å bli interessant. Bruk auan...!