Lokalhistorie med GJERTRUDMOEN 
som utgangspunkt
Særoppgave i historie.
Bjarne Berre, 3Rb, Levanger Gymnas, 1972

Eg vil her få trekkja fram ting som eg har komi over på og omkring Gjertrudmoen. Eg har vorti forbausa. over kor mykje dette området har å fortelja. Her finn ein alt frå gamle branngraver til innvikla kverndrift. Ein kan altså fylgja det norske eller kanskje ein skal seia folket i Skogn heilt frå eldre jarnalder og fram til århundreskiftet på 1900-talet. Det som finst her er kanskje små og uvesentlege ting, men like fullt kan dei fortelja oss svært mykje om våre forfedre. Området ligg så og seia rett utafor stovedøra vår - og likevel trur eg det er svært få som i det heile tatt er klar over at det eksisterer. Det ville ha vori interessant å få vera med på utgravingar her oppe både av gravhaugar og fangstgraver. Så lenge får ein nok nøya seg med å trekkje samanhengar og konklusjonar på eiga hand.

Området kring Gjertrudmoen 

Frå Høyslogruva stig terrenget bratt opp mot den store flata som Gjertrudmoen ligg på. Kartet viser dette heilt tydeleg. Flata er avgrensa av Østre og Nordre Brandåsen i sør, den bratte skråningen ned mot hovudvegen. Over mot Kvernbekken stig terrenget ein god del, men slakkar etter kvart ut nedover mot bekken. Nedover mot Tollbuplassen er det no berre eit slakt fall på omlag 20 meter. Frå og med Kvernbekken går vegen eit lite stykke over eit hogstområde - dette ser ein også på bildet nedanfor. Ein ser og at heile dette området i dag er dekt av skog med unntak av det hogstfeltet eg nettopp nemde. 
 

Skogn er forma som ei gryte med. høge åsar på alle kantar. Området ligg i øvre kant av gryta ved foten av ein ås. Det er fleire årsaker til at vi finn så vidt mange interessante ting her oppe. Mellom anna har ein funne merke etter den gamle strandlinja . I dag ligg området omlag 150 meter over havflata, så ein må vel rekna med at strandlinja verkeleg har gått så høgt. Merke etter eventuell steinalderbusetnad skulle det da vera store sjansar for å finna her. 
 
Vegen eit stykke opp frå Høyslogruva

Den gamle vegleia frå Markabygda og over til Munkeby har og gått her. Restane etter denne vegen er det vi ser på kartet ovafor. Det er den vegen som kjem frå Lund og går over Gjertrudmoen mot Granheim. Da dei enno ikkje hadde lært seg å forsera og grøfta myrområde, la dei vegen på slike stader at dei unngikk dette. Difor går den gamle allfarvegen oppe i åssida her.

Elles er det ganske spesielle grunnforhold her. Heile flata som Gjertrudmoen ligg på er ein einaste stor morenerygg. 
 
Bildet er frå Høyslogruva og det viser klårt at ein isbre har fått sin endereis her.
I bakgrunnen kan ein sjå garden Granheim.

Dei to bekkane som ein  ser  på kartet viser og at det må vera ein morenerygg vi har med å gjera. Dei djupe og  karakteristiske V-dalane får ein berre dersom vatnet får grava seg fram gjennom store sandmassar.
 
Vegen kryssar Kvernbekken


Dei eldste merke etter busetning 

Dei eldste merka etter busetning finn ein på garden Høyslo. Garden ligg på ein terasse i ei brei li som stort sett har fall mot sør. Grunnen er berg eller grusmorene, men det er god sandjordsdekning over. Nedafor lia går det ein årsikker bekk. I lia ovafor terassen er det dessutan eit vassig som kunne gi vatn nok dersom det var nok nedbør. Det skulle da vera vilkår for tidleg busetning her. Ein finn ingen haugar, men i sørkanten av terrassen stikk berggrunnen opp som ein koll med god haugform. Denne kunne ha gjort teneste som ein kultisk haug. På toppen av haugen er lyngtorva bortbrent. Dette tyder på at det kunne ha vore bålplass her.

I sørkanten av denne haugen, på ei horisontal berghylle er det eit skålgropsanlegg,  5 store og 10 mindre groper. Dei er alle hogne inn med metallverkty og etterpå slipa. Anlegget må da ha vori gjort i jarnalderen.
 
Skålgropene på Høyslo

I ei av gropene er det hogge eit djupare hol i botnen, og det er utvida nedanfor opninga. Ein kunne kalle det ei flaskegrop. Desse gropene er oftast velferdsanlegg for jordbruksdrift. Ein har brukt dei til å fylla offer i. Offeret er truleg tenkt som ei bønn til sola som vekker voksterlivet og til jorda som ber det fram. Anlegget tener da jordbruksdrifta i det heile, og kan vera godt nok velferdsanlegg for garden. Det er spor etter to buplassar. Dei har begge kolblanding i jorda og eldsprengt stein, men det er ikkje så mykje av dette som ein kunne vente dersom garden hadde vori frå bronsealderen. Det er da mykje som tyder på at det er merke etter busetning frå eldre jarnalder.

Der vegen tar opp til Torsbustaden er det og merke etter gamal busetning. Ein haug som det er grave i kunne ha vori eit kultisk anlegg, og det finst eldsprengt stein frå ei matlagingsgruve. Litt lenger vest finn vi så ein tredje plass som truleg er frå jarnalderen. Her er det eit felt som har vori dyrka - mellom anna er det funni rydningsrøyser. I nedre kant av feltet fram på ein bratt bakke, er det eit gravfelt med 7 haugar i rad, 5 runde og 2 lange. Litt lenger ned er det og merke etter ein større gravhaug.
Det ser ut som om det i yngre jarnalder har vori stort spørsmål etter jord til nye heimar , for lenger vest, i Leinsmarka, er det og tomter etter bruk som har hatt den same situasjonen.
 
Gravhaugar


Andre merke frå jarnalderen 

Ved Gjertrudmoen er det funni merke etter jarnutvinning. Heilt i nordenden av Postmyra har ein god del slagg komi fram i dagen etter at det har vori grøfta her. Ved å bruka ein spiss stokk kan ein kjenne myrmalmsklumpane nede i myrtorva. Jarnet vart skild frå slagget i smeltegroper. Dei brukte småhakka ved og strødde finknust og rosta myrmalm i elden til alt var smelta. Anten løfta dei no jarnkaka opp av gryta og lot slagget storkna eller dei skvette ut slagget under brenninga slik at berre jarnkaka vart liggande att. For å få det varmt nok nytta dei seg av blåsebelgar for å få tilført meire luft. På denne måten kunne dei få temperaturen opp i over 1000 grader
Den mørke haugen lengst framme
på bildet består av slagg
På Heglesvollen i Heståsdalen har vi eit gammalt jarnverk. Fjella ikring er jarnrike og oppløyste jarnsalt har gjennom tidene vorti ført ned i myra og avsett der i fast form Såleis har myra vorti rik på malm og ein har godt grunnlag for jarnutvinning. Heståsbekken har eingong munna ut i ein stor sjø. Her har det vorti avsett ein stor sandterasse - det som i dag er sjølve setervollen. Denne terassen innheld mykje jarnhaldig grus. Seinare har bekken skore seg ned gjennom denne terassen. På austsida av bekken finn vi ei rad med smeltegroper og mykje slagg ligg nedover melkanten. Sør på vollen er det tomt etter 3 buer der det har vor smidd.

Slike anlegg har det vor mange stader - ei stund var det vel utvinning av jarn på alle større gardar. Dette var nok naudsynt fordi dei måtte sjølve skaffa det jarnet dei hadde bruk for.

Men etter kvart som tida gjekk vart det for tungvint å bruka ved til brenninga, dessutan vart det heller ikkje varmt nok. Difor byrja dei å vinna ut kol. Til dette nytta dei store kolmiler,ofte lagt til stader med tett skog for a gjera det lettvint. På kartet er det avmerka to slike kolmiler ikkje så langt frå Gjertrudmoen. Dei hogg opp trea i små vedskier og la det hele opp i ein stor haug med torv over. Når dei så brente dette vart treet til kol. Dette gav mykje meire varme og dessutan var det meire praktisk under arbeidet i smia. Dei fleste milene har sannsynlegvis vori brukt berre ein gong. Til kvar mile gjekk det med mykje trevirke og det ville snart bli langt å frakte tømmeret fram til mila. Difor la dei heller milene dit det var mykje skog og sparde seg såleis ein god del arbeid.

Denne kolutvinninga kunne også ha vore eit ledd i den første industrialiseringa i Skogn. Omtrent samtidig som dette vart det på Ytterøya drivi utvinning av jarn i stor stil. Råjarnet som dei laga her vart sidan sendt til Ekne der det var eit jarnverk. I dag heiter det Jønvik der verket låg, og dette må vera avleda av Jarnvik, vika med jarnverket. I alle fall måtte dei ha bruk for mykje kol. Det er da god grunn til å tru at bøndene rundt omkring brende ut kol for å tena seg nokre ekstra skillingar Det er vel og mykje som tyder på at dei som dreiv oppe ved Gjertrudmoen var ein av desse. Men dette høyrer sjølvsagt ikkje heime i jarnalderen - det er nok mykje yngre enn som så antageleg frå 15-1600-talet.


Restar av den gamle veidekulturen


For nokre år sidan vart det påvist eit innvikla system av 47 fangstgraver på Gjertrudmoen og Finnkallbakken i utmarka til Lein og Høyslo. Ein gong kan det godt ha vori stordrift her, for feltet ligg overlag strategisk til på nordsida av det framskytande høgdedraget Lundsbustadvola. Den vanlege nemninga på dei skal vera elggraver, så ein skulle tru det særleg var elgen dei jakta på.
 
Skisse over fangstgravfeltet på Gjertrudmoen og Finnkallbakken på 
Lein og Høyslo i Skogn

No er det andre ting som tyder på at det er reinen dei har vori ute etter og. Enno den dag i dag er det reinsdyrflokkar som trekker framover mot dette området. Det skulle i såfall tyda på at det frå gammalt har vori eit fast reinsdyrtråkk her. Dei må ha nytta seg av dette og drevi reinsdyrfangst i stor stil. I så fall må systemet ha vori større og meire innvikla, noko som ikkje er usannsynleg. For det første er skissa på neste side svært mangelfull. Det er ikkje på langt nær alle gravene som er inntegna. På dyrkamarka til garden Granheim har det og vori ei mengd graver innover mot dei store myrstrekningane der. Likeins har det komi bort ein del graver på grunn av grustaket. Dessutan er det lenger nord, på den andre sida av vegen, funni omlag 20 graver. 
 
 
Dyregrav - grana stil venstre står midt i grava

Dei kunne og ha jakta både på rein, elg og bjørn, men ikkje til same tid. Dette er sannsynleg ettersom det ikkje har vori like store mengder av kvart dyreslag til alle tider. Det er og mykje som tyder på at gravene ikkje er like gamle. Alle gravene har ikkje vori like store. Dette kan vel og ha samanhang med at dei eldste gravene har voksi igjen meire enn dei yngste. Dei store gravene har i alle fall vori brukt til å fanga elg og bjørn i, medan det er to teoriar om dei mindre gravene. Dei har enten vori laga for reinen eller for menneska. I det siste høvet har dei stått nede i gravene med kastevåpen av stein og tre for å jaga dyra eller for å drepa dei. 

Storparten av dette er førebels nøydd til å bli gjetningar og teoriar, da ingen av gravene enno er opna og undersøkt. Ved å opna dei kunne ein så og seia finna ut alt om gravene og fangstmåtane her. Ein ville lett finna alderen på dei. Vidare kunne ein få kjennskap til storleiken av gravene og måten dei har vori laga på. Ein kunne såleis finna fram til dei gravene som har vori i bruk samtidig og måten dei har vori brukt på. Dessutan kunne ein få kunnskapar om korleis jakta har vori drivi reint praktisk
sjølve utforminga av gravene og måten å driva fangsten på har vi likevel kjennskap til frå andre fangstsystem. Skissa under viser at dei kunne ha brukt ein spiss stein eller stokk i botnen av grava for å drepe eller skade dyra. Gravene vart vanlegvs dekt med tynne greiner med lyng og mose over. 
 
 
Skisse av fangstgroper

Ein har og nytta seg av rogn og seljekvistar på og rundt gravene. Desse må da ha vori bestemt for elg, og gravene måtte ha vori plassert i beiteområda til elgen. Elgen vart såleis lokka fram mot grava og gjekk seg nedi utan å ha vorti drivi fram mot grava. Det var serleg enkeltgraver som vart nytta til dette.
Slik kunne eit ledegjerde ha sett ut

Dersom gravene låg i større system var taktikken noko annleis. Her kunne dei liggja opptil eit halvt hundre eller fleire på same staden plassert i sinnrike system og med stengsel mellom dei ymse gravene og gruppene av graver. I stor grad nytta ein seg også av naturlege hinder så som bratte skråningar, fjellknausar, elvar og vatn. I slike system er det naturleg å tru at dyra vart “pressa” framover ved hjelp av eit stort oppbud av folk som omringa større område. Vindretning, vær og føreforhold har sikkert vori viktige faktorar ved av slike drev. Dei relativt svake stengsla som vart nytta for å lede dyra mot gravene tyder på at dei vart drevi forsiktig fram slik at dei ikkje hoppa over eller braut gjennom stengsla i panikk. Eit slikt drev kravde mange folk, og det er såleis mogeleg at både anlegget av gravene og sjølve fangsten var organisert som eit fellestiltak av heile grendelag.

Dersom ein før eller seinare kjem til å opna gravene ved Gjertrudmoen og undersøkja dei nøye, vil ein få svar på mange spørsmål. Likevel er det enno mangt som ein ikkje veit og som ein kanskje aldri heller vil få svar på.


Husmannsbruk - Jordbruk - GJERTRUDMOEN

Slik kunne ein tenkja seg at det har vori på Gjertrudmoen (tegning Ingebjørg Berre)

Sjølve husmanssplassen finn ein avmerka på kartet innleingsvis. Han ligg ved eit vegkryss like ved den gamle allfarvegen. Det einaste som vitnar om at det har bodd folk her er ein stor stein (grua) og restane av ein potetåker. 
 
Vegkrysset ved
Gjertrudmoen
Restane etter grua på
Gjertrudmoen

Kor lenge det har vori folk her er det ikkje godt å seia, men at dei siste flytta her ifrå ved århundreskiftet er vel ganske sikkert. Dei som levde her 1800-talet må ha hatt tronge kår. Ei lita stove og ein åkerlapp var alt dei hadde. Kanskje hadde del i tillegg ei ku eller nokre sauar. På åkeren har dei i alle fall dyrka potet  - det kan ein finna ut enda i dag. Potetradene står nemleg i dag slik som dei kanskje gjorde for hundre år sidan. Dersoni ein veit kvar åkeren ligg, kjenner ein lett konturane av potetradene under mosen.

Dette er i grunnen litt merkverdig i og med at det vitnar om at folka her oppe har flytta brått. Ser ein på landet under eitt kan ein kanskje finna forklaringa. På 1800-talet auka nemleg fokletalet i Noreg sterkare enn i nokon annan periode vi kjenner. Vidare var det på denne tida ei omlegging innan næringslivet som førte til at jordbruket trong forholdsvis mindre arbeidskraft enn før. Dette førte til at folk frå jordbruket måtte flytte over til andre næringar. Det førte også til at mange måtte flytte til andre strøk av landet enn der dei hadde bodd før. Dei fleste som drog ut frå bondebygdene flytta innanfor landets grenser, men frå 1825 og utover vart det stadig fleire som drog over til Amerika. Over 1 million nordmenn har reist til Amerika som emigrantar sidan 1825. Det er då ikkje så usannsynleg at folka på Gjertrudmoen har vori blant desse.


Tollbuplassen

Same lagnaden som på Gjertrudmoen har truleg folka på Tollbuplassen møtt.Denne heimen ligg lenger sør langs allfarvegen enn Gjertrudmoen (sjå kartet innleiingsvis). Her finn ein og restar etter jordbruk og forfall. Restane etter husa er tydlegare her. Mellom anna har det vori kjellar under stova her, så eit stort hol i bakken viser klårt kor ho har stått. 

Her er det enda klårare merke etter åkeren enn på Gjertrudmoen. Åkeren ligg her i ein slak skråning. Etter ha pløgd og dyrka åkeren over ein lengere periode har det i nerkant av åkeren vorti ein jordvoll - jorda har vorti med reiskap og regnvatn nedover åkeren. Denne jordvollen kan ein sjå heilt tydeleg innimellom grantrea, likeins er det heller ikkje vanskeleg sjå at det har vori dyrka her. Jorda her har vori god og dei har dyrka åkeren fleire år på rad. Men også her har dei gjevi opp - kåra vart for harde. Dei to husmannsplassane eg har nemnt representerer slutten for ei gruppe innan norsk næringsliv. På 1800-talet reiste halvparten av husmennene til Amerika. Den andre halvparten forsvann etter kvart - og sidan har vi ikkje hatt husmenn i Noreg.


Kvernbekken


Kvernbekken finn vi og att på kartet innleiingsvis. Det ligg i namnet at denne bekken har vori brukt som drivkraft til ei eller fleire kverner. Bekken har sitt utspring i Sleppingstjernet. Han krokar seg nedover mot utmarka i Lein over mange små fall som egnar seg godt til kverndrift. Det har såleis vori fire mindre kverner på dette strekket. Kverna på tegninga høyrde inn under øvre Lein. Bekken var sikker, men vassføringa var nok for lita. Difor hadde dei ordna seg eit enkelt og svært effektivt demningsanlegg. Det første leddet i dette anlegget var Sleppingstjernet. Dette heldt dei oppdemt om natta slik at det var rikeleg med vatn å ta av når morgonen kom og dei skulle ta fatt på arbeidet. 

Nede ved. kverna hadde dei og ein demning slik at dei kunne regulera vassmengden etter ønske.
Det er ganske bra fall frå denne demningen og ned til kverna, så krafta på kvernkallen vart tilsvarande stor. Restar etter både demningen og kverna finn ein den dag i dag. Der demningen har vori står det enno trepålar igjen i bekken, og rundt omkring er det tydelege merke etter den høge vasstanden. Litt nedanfor kverna er det enno restar etter veggane i det vesle huset. Dessutan har ein funni ein av kvernsteinane der kverna sannsynlegvis har vori plassert. 

Her har dei så moli korn om hausten. Det har sannsynlegvis vori dyrka mykje korn rundt om på gardane i denne tida for lenger nede har det som før nemd vori enda tre kverner som har nytta ut same vasskrafta. Steinane som mol kornet var flate, runde steinar ofte av porfyrisk struktur - dei steinane som er funne her er overspreidde med staurolittar. Det var desse harde krystallane som knuste kornet til mjøl. Kornet tømte dei ned gjennom eit hol i midten av den øverste steinen. Mjølet samla dei så opp i ei renne ved ytterkanten av steinane. Denne prosessen gjentok seg år etter år og det vart ein tradisjon av det heile - ein tradisjon som i våre dagar har vorti overteki av større verksemder.


Etterord


Dei gamle minnene - merkene lever enno, men om dei vil gjera det i framtida er heilt uvisst. Det ville i alle fall vera synd om det ikkje skulle gjera det, for eit så rikt område som dette burde ein ta vare på  og nytta seg av det. Om ikkje anna ville ein ha stor nytte av det som eit ledd i historieundervisninga. Ho ville få ein ny giv og ein ville kanskje forstå si eige historie betre etter ein dag på Gjertrudmoen.


Kilder

Martin Sivertsen Skogns Historie III s. 197-200 og s. 55
Nils Hallan Skogns Historie IV s. 111
Karl Mørkved Jakt og fiske i Norge s. 206-207
A G Grunnan Skisse over fangstgraver
Ivar Berre Muntleg kildestoff